Stortuva - 1030 moh

Stortuva er fjellet bak butikken og boligfelet Handlarstuhamran. Toppen kan nåes fra flere kanter.

Stortuva, 1030 m.o.h (8 poeng)

-Gå via Halsakammen, Ålvundsetra  eller Reinsetvatnet. Stien opp fra Ålvudsetra/Halsakammen må betraktast som lett klatring. Flott utsikt. 3 timer.

 

Turen kan tas på vinteren fra toppen av skiheisen på Ålvundeid. Herfra er det slak stigning innover fjellet over skoggrensa. På sommeren er det en fin tur om Halsakammen på merket sti/løype innover via Vardhaugen og opp bratt sti til ryggen av Stortuva. Fra garden Reinset er det en bratt merket løype opp til Reinsetvatnet og videre oppover lia til over tregrensa. Merket sti helt til topps.

Opp frå Hals og ned til Reinset kan anbefalast som ein tur med merka sti heile vegen. Det er også greit å gå ned forskjellige plassar på Ålvundeid utan at desse vegane er merka. Ned til Viset på Ålvundeid kan ein f.eks. følge den store kraftlinja som ikkje går sa langt frå Stortuva. (Arne Drøpping)

Det er greit å starte frå Sverkesli ved Ålvundfossen. (Sjå meir om Vardhaugen)

For den som ikkje likar bratte motbakkar kan turen også anbefalast frå Viset på Ålvundeid. Det er ikkje merka sti, men har du kart eller er litt orientert om terrenget er det lett å finne fram. Eg (Arne) gjekk denne turen roleg på 3 timar til toppen inkludert ein pause på ein god halvtime 30.sept 2017. 

Forklaring i nokre punkt: 
1. Gå opp skogs/anleggsvegen til sørenden av Rennsetvatnet. I nærheten av kraftlinjene.
2.Ikkje gå over seterelva på første brua, men følg ein veg oppover elva eit par hundre meter og gå over brua opp til dei to Valsetsetrene.
3.Følg sti/anleggsveg oppover mot Saubotn. Da kjem du opp til kraflinja igjen.
4.Gå langs kraftlinja oppover Saubotn. Da har du fjellryggen Mossakinna på venstre side.
5. Når fjellryggen tek slutt kjem du til Mossatjønnin, to små vatn.  Det er her skiløypa til Stortuva pleier å gå.  Her dreier du nordover mot Stortuva.  Framfor deg ser du her ein lang fjellrygg som er litt høgare enn Stortuva. Viss du held til venstre for toppen kjem du inn på den merka stien frå Rennsetvatnet.
Dette er klart den flataste turen. Den brattaste delen er grusvegen opp frå Viset. Viss du vel gamlevegen (som er skilta) kan du gå flatare oppover lia også.

Stortuva - 1030 moh - skitur inn mot Stortuva