Halsakammen - 400 moh

Halsakammen er ein av dei trimpostane i Ålvundfjord som har flest besøk i gjennom året. På kartet står kortnamnet "Kammen"

Sjøve "Kammen" er ein fin hammar med god utsikt som  ligg rett ovanfor garden Hals i Ålvundfjord på 400 moht og har merka sti/skogsvei heilt opp. I 2018 kom huvudskiltinginga frå krysset som tek av til Drøpping. Merka parkeringsplass der vegen til Hals tek av frå Drøppingvegen. GPS-posisjonen:   62°51´44,73"N og 8°31´0,52" E

Det går også å gå opp frå Solhøgda.

Frå Kammen er det merka sti til toppen av Vardhaugen (650 moh) og til Stortuva (1030 moh).  Utsikten fra Halsakammen er upåklageleg på ein godversdag.