Drøppingsetra.

 

-Start mellom Kobbskjeret og Vikatrøa. Kjør ca. 200m forbi der fjøset og hovudhuset er bygd saman.(ovanfor vegen) Frå lunningsplassen her går det skogsveg utan grindar. Vegen er ikkje tett merka, men det heng raude lokk i kryss der det kan vere tvil. Men hovudvegen går til Drøppingsetra. I 2007 vart skogsvegen forlenga heilt opp til setra der trimposten er. 

Fint å gå vidare til Vardhaugen og Stortuva, men det er ikkje merka sti. Til Stortuva går det an an å "Stigan" mot sør og så berre gå der du vil oppover mot toppen.  Frå Vardhaugen er det merka sti til Stortuva.