Trimposter

Ålvundfjord har fleire trimpostar som kvart år er godt besøkt. Poeng etter lengde. Fleire turar har GPS-posisjonar i beskrivelsen.

Ålvundfjord

 

 

TURTRIM I KVASS/ULVUNGEN FK.

I trimsesongen 2017/18 startar vi registrering av trimpoeng på Internett.  Vi kallar dette ei forsøksordning.  Den som melder frå skal få ein link slik at dei kan registrere trimpoeng direkte på  Internett. Det vil vere svært enkelt. Skal berre skrive namnet ditt og namnet på trimposten.  Linken blir berre gitt til dei som har registrert seg.
Den som er interessert tek kontakt med Arne Drøpping på tlf/sms 99715937 eller epost: arne.dropping@sunndals.net

 

I trimsesongen 2016/2017 starta ei ny ordning med trekning av gavepremie på varer for 500 kr hos Sunndal Sport. 

Kravet for å få vere med på trekninga er du du besøker 7 poengivande turmål i løpet av sesongen.  

Dette kan forklarast med eit enksempel:  
Viss du går innom Halsakammen og Vardhaugen på veg til Stortuva får du poeng berre for Stortuva. Derfor har vi også ordninga med å sette X i trimboka når du er innom fleire toppar før du når målet. Da er det berre Stortuva som er poenggivande turmål for ein slik tur. Du må altså gå ein eigen tur til Vardhaugen, og ein eigen tur til Halsakammen før det blir 3 poenggivande toppar.  

Vi i trimgruppa håpar dette kan inspirere enda fleire til meir trim i vår flotte natur, og ordninga vil fortsette i sesongen 2017/18 

Helsing Arne.

1. Postar og poeng:

 

Smisetnebba 1175m.o.h 10 poeng

 

Stortuva 1030 moh  8 poeng

 

Vardhaugen 650 moh  5 poeng

 

Sørlinebba 625 moh 4 poeng

 

Drøppingsetra 430 moh 3 poeng

 

Halsakammen 400 moh 3 poeng

 

Ålvundsetra 372 moh 3 poeng

 

Rennsetvatnet 366 moh 3 poeng

 

Valåsen 243 moh 2 poeng

 

Myravatnet 220 moh 2 poeng

 

Seljebøvatnet 153 moh 2 poeng

 

 Litjåsen 166moh 1 poeng

 

2. Ein trimsesong varer frå 15.september til same dato året etter. Margin på ei veke før og etter denne dato for utplassering av trimbøker.

  

3. Klassar og krav til medaljer, plakettar og statuettar.

 

  • Klasse 1: Under 12 år. - min 40 poeng.

  • Klasse 2: 12 år t..o.m 59 år. - min. 60 poeng.

  • Klasse 3: over 60 år. -min. 40 poeng.

 

4. Klasse 1 får diplom mellom 10 og 40 poeng.

  

5. Hos idrettslaget får ein: (endra frå 2012)

 

Bronsemedalje etter: 1.året med oppnådd poengsum.

 

Sølvmedalje: 3. året    (Åra med oppnådd krav treng ikkje å vere etter kvarandre.)

 

Gullmedalje: 6. året

 

Bronseplakett: 11.året

 

Sølvplakett: 16.året

 

Gullplakett: 21. året

 

Bronestatuett: 26. året

 

Sølvstatuett: 31. året

 

Gullstatuett: 36.året

 

6. Dersom du skriv namnet ditt på fleire trimpostar på same tur, noterer du turnr. berre på den posten med mest poeng.

 

Set X i dei andre trimbøkene. GOD TUR!