Trimgruppa i Kvass Ulvungen set opp ny gavepremie.

Det er vår sponsor Sunndal Sport (Sport1) som set opp ein gavepremie på 500 kr for trimsesongen 2016/2017.

Trimsesongen 2016/2017 er allerede i gang og blir avslutta ca. 15. sept 2017. 

Det blir trekning av denne gavepremien på varer for 500 kr hos Sunndal Sport.

Kravet for å få vere med på trekninga er du du besøker 7 poengivande turmål i løpet av sesongen. 

Dette kan forklarast med eit eksempel:  

Viss du går innom Halsakammen og Vardhaugen på veg til Stortuva får du poeng berre for Stortuva. Derfor har vi også ordninga med å sette X i trimboka når du er innom fleire toppar før du når målet. Da er det berre Stortuva som er poenggivande turmål for ein slik tur. Du må altså gå ein eigen tur til Vardhaugen, og ein eigen tur til Halsakammen før det blir 3 poenggivande toppar. 

Vi i trimgruppa håpar dette kan inspirere enda fleire til meir trim i vår flotte natur. Helsing Arne.