Trim er populært.

Nest beste trimsesong igjen. Utdeling av medaljer 23.oktober.

KvassUlvungen har igjen sin nest beste trimsesong med 17718 registrerte turar. Toppåret 2013/2014 var ein spesiell vinter med lite snø. Da hadde vi registrert 18466 turar. I sesongen 2014/15 hadde vi 16414 besøk.

Det blir utdeling av trimmedaljer på Ålvundeid grendahus søndag 23.okt kl. 17.  I veka før det reknar vi med å kome med resultatlister i avisene. Vi i trimgruppa er glad for at stadig fleire oppdagar verdien av å trimme i naturen.  Dette ser vi også på alle besøka som StikkUt registrerer.  I vårt nærområde er Seljebøvatnet, Halsakammen og Smisetnebba, Flånebba, Karihaugen og Innerdalen registrerte StikkUt-turar. Der blir sesongen avslutta 31.oktober. Men våre trimpostar går heile året med sesongstart ca. 15 sept. Derfor er det ei fin tid til å kome i gang no.