Romjulsmarsj 2020. 3.juledag.

Sidan Romjulsmarsjen er utandørs er det eit av få arrangement som kan gjennomførast. Men det blir spesielle tiltak.

Viktig at alle passar på å halde avstand til andre under marsjen. Men det er også triveleg å sjå andre folk. 

Start ved Drøppingkrysset 3.juledag (søndag 27.des)  Unngå at mange går saman. Spre starten frå 12.45-13.15. 

I år går vi til Rykkjemsbeitet (der det blir utdelt mandarin til alle) og tilbake. 

1. Påmelding til Arne Drøpping tlf 997 15 937 på VIPPS. Same prisar som før: 30 for å starte. Viss du vil ha medalje betaler du 50 kr.(20 kr ekstra) Skriv kven du melder på og kor mange medaljer i påmeldinga.  Innan 3.juledag kl. 11.

2. Du får ei bekrefting tilbake med "start.nr."  

3. Vi har nokre små gevinstar som blir trekt på "start.nr". Dei blir utdelt under marsjen. 

4. Dei som ønsker medaljer får dei ved start. 

På denne måten håpar vi  å unngå all kø og oppsamling av folk.

Viss du lurer på noko kan du sende melding til same nr som VIPPS, 997 15 937.  Dei som ikkje har VIPPS kan betale til 4035.08.45552  (men det må vere i god tid)
....... og er det nokre få som ikkje har meldt seg på blir det nok ei råd, sidan det er jul.

 

For Trimgruppa Hallvard og Arne